Ny arbeidsgruppe om sjølvorganiserande strukturar og regenerativ kultur
            
            
             
              Det
 er ikkje alltid lett å forstå korleis sjølvorganisering og regenerativ 
kultur skal fungere, men dette er heilt sentralt for XR – difor kjem det
 no ei ny arbeidsgruppe som skal jobbe med nettopp dette.
             
             
            
             Regenerativ
 kultur: Dette er eit omgrep som du vil støyte på om du er med i XR. Det
 tydar ein kultur som styrkar seg sjølv over tid, og som gjer at folka 
som er med, ikkje slit seg ut. Korleis skapar ein noko slikt? Dette skal
 arbeidsgruppa jobbe med, og spreie kunnskap om, til resten av 
organisasjonen.
             
            
             - Vi må styrke kvarandre,
 gi kvarandre tid til å finne krefter igjen når vi har tappa oss ut, og 
bygge ein tillitsfull og inkluderande kultur. XR skal vere ein stad der 
du kjenner deg verdifull og blir inkludert, seier Joakim Haugen.
             
            
             
              
               - Korleis skal de jobbe med dette?
              
             
             
            
             -
 Kurs blir sentralt. Vi skal syte for at folk tek kurs i deeskalering, 
noko som er nødvendig å vite noko om når ein er med på aksjonar. 
Deeskalering handlar om å avgrense konflikt, og ta vare på seg sjølv og 
andre. Vi må også passe på at dei rollene som trengst i ulike 
situasjonar, er på plass – slik som aksjonsstøtteansvarlege under 
aksjonar. Dei skal syte for at ting flyt godt og at folk får den hjelpa 
dei treng.
             
            
             
              
               - Arbeidsgruppa skal også jobbe med det sjølvorganiserande systemet (SOS) – kvifor begge desse tinga i ei gruppe?
              
             
             
            
             -
 Desse to områda heng tett i hop. Korleis vi organiserer oss og korleis 
vi bygg opp møta våre, er tett knytt til regenerativ kultur. Eigentleg 
er det akkurat det same. Vi skal jobbe på måtar som også er med på å 
bygge kvarandre opp.
             
            
             
              
               - Kor kjem desse filosofiane og arbeidsmetodane frå?
              
             
             
            
             -
 XR i Storbritannia har henta desse tankane om organisering frå mange 
ulike plassar, og det er mykje basert på forsking på kva som har vist 
seg å vere effektivt. Ein grunn til at vi ikkje vil ha ein sentralisert 
maktstruktur, er at det ville gjere oss sårbare når vi har ulovlege 
aksjonar. Då kunne ordensmakta luke ut leiinga, og på det viset ville 
alt lett bryte saman.
             
            
             
              
               - Kva andre grunner finst det til å ha ein sjølvorganiserande struktur?
              
             
             
            
             -
 Under denne tankegangen ligg det også ei haldning om at elitekulturen 
og hierarkia i samfunnet vårt er noko av problemet vi står overfor, og 
som vi vil kjempe imot. Vi vil vere ei kulturell motkraft gjennom å 
tenkje og handle som eit ekte fellesskap. Det tredje kravet til XR om å 
danne eit borgarråd, heng saman med dette. Ein annan fordel med denne 
organiseringa, er at kven som helst kan danne ei XR-gruppe og begynne å 
handle raskt. Det gjer at organisasjonen også kan vekse raskt, noko som 
trengst, sidan det hastar å gjere noko med klima- og miljøkrisa.
             
            
             
              
               - Korleis spele saman på ein god måte, når det ikkje finst noka tradisjonell leiing?
              
             
             
            
             -
 Det kan vere utfordrande! Hovudsaka blir å kommunisere bra med 
kvarandre. Viss nokon startar opp eit prosjekt som vedkjem heile XR, så 
må det vere lett tilgjengeleg informasjon om det for heile 
organisasjonen. Dette er noko av det vi i arbeidsgruppa for regenerativ 
kultur og sjølvorganisering vil jobbe med.
             
            |